Veke 4 – Summer Internship

 

Her kjem fyrste blogginnlegg frå oss som jobbar på prosjekt for Politiets IKT-tenester (PIT). Biletet under viser gruppa eg har gleda av å jobbe med i sommar. Nina (vår fargekodeansvarlege) er ei driftig dame som alltid er positiv. Sondre er ein luring som har «To Dare is To Do» som sitt livsmotto. Anne-Marthe har fått kallenamnet «Lukketrollet» på grunn av hennar gode humør og smittande latter. Hild-Eirin er fasilitatoren vår, og noko av det kjekkaste ho veit er lindy hop og karaokekino.

DSC_0015
Team Politiet. Frå venstre: Nina, Sondre, Hild-Eirin (prosjektleiar) og Anne-Marthe.

Hjå PIT jobbar me med «business intelligence», noko som til dømes kan vere å samle informasjon frå ulike kjelder og strukturere det slik at ein kan framstille dataen på ein oversiktleg måte. Til det brukar me Microsoft-verktyet Power BI, også kjend som «Excel på steroidar».

Fyrste veka vart me invitert med på fagkveld med Capgemini, kor me fekk ei innføring i maskinlæring, ei undergrein av kunstig intelligens. Me fekk leika oss litt med IBM sin Watson; maskinlæringsverktyet som Ahus-gjengen brukar på sitt prosjekt. Dette kan du lese meir om i Jørgen sitt innlegg frå førre veke.

DSC_0004 (1)
Nøgde studentar på kurs i maskinlæring

I prosjektet er det viktig å ha oversikt over framgongen. Til det brukar me eit Scrum-board som du ser i biletet under. Kvar veke flyttar me oppgåver frå backlogen (alle oppgåvene som skal utførast den veka) opp til «To Do». Når me startar på oppgåvene vert dei flytta over til «In progress», og så til «Finished» når oppgåvene er utførde. Som du ser er me glade i post-it-lappar.

DSC_0017
Nina er fargekodemeisteren vår
IMG_2366
Pause i sola

Ei anna del av internshipet vårt er alt det sosiale som skjer. Som de har sett frå dei andre blogginnlegga har me blant anna vore på middag og sommarfest med dei andre sommarstudentane, rettleiarane og andre tilsette i Capgemini. Andre veka hadde gruppa vår teambuilding med minigolf på Oslo Camping, og førre veke var det grilling og bading saman med resten av gjengen.

DSC_0004
Anne-Marthe er ein habil minigolfar
DSC_0018
Sommarstemning på Huk
20049230_10158902414455548_1086706173_o
Gruppeposering framfor datamodellen vår

No er me allereie over halvvegs i sommarprosjektet, og alle er samde om at tida har gått fort. Me i Oslo tek ferie neste veke, og så kjem me attende med nytt blogginnlegg om to veker. Enn so lenge, god sommar frå Politigjengen!

-Hanna

Forfatter: Hanna Heggheim Lee

Hanna er summer intern i avdelingen Insights and Data, og skal tilbringe sommeren hos Politiet hvor hun skal jobbe med rapportering og analyse. Hanna er 24 år gammel og er oppvokst i Balestrand i Sogn og Fjordane. Etter videregående dro hun til Troms hvor hun avla førstegangstjenesten. Her gikk mye av tiden med til å springe rundt i skogen og Hanna ble etter hvert ekspert på teltoppsett. Deretter gikk ferden videre til Trondheim, hvor hun begynte å studere nanoteknologi på NTNU. Hanna har valgt å fordype seg i nanoelektronikk, og skal starte på masteren til høsten. Aller først ser hun fram til en kjekk sommer i Capgemini!

Legg igjen en kommentar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s